tirsdag 10. januar 2012

Når eg lengtar heim til fjord og fjell

Eg elskar å reise. Gjerne langt langt vekk. Gjerne til eksotiske stader. Men ofte lengtar eg også heim. Heim til Sogn med fjord og fjell. Med regn og sol. Med stille vegar og vill natur. Til det tomme sentrum om vinteren. Og til eit sentrum fullt av turistar om sommaren. Det er noko spesielt med Balestrand og Fjærland. Du får meir tid til å tenke dei store tankane. Vil du reisa? Bu på den gamle delen av Kvikne i Balestrand. Ta deg ein tur på Raumelen (fjella bak sentrum). Ta båten til Fjærland og bu på Mundal hotel. Leig deg ein sykkel og ta turen innover dalen. Gå opp fjellet til Flatbrehytta som ligg ved Jostedalsbreen. Sjå utover heile Sognefjorden! Fantastisk

Det lille rosa hotellet i Antibes

"La petite reserve" ligg midt på stranda i Antibes. Skulle eg ha eigd og drevet eit lite hotell, så kunne eg tenke meg dette. Det er ikkje hverken fancy, trendy, glamorøst eller perfekt. Men det har det aller viktigaste - nemleg sjarm! Det oppdaga også Evert Taube i si tid. Han budde her då han skreiv nokre av sangane sine. Katarina og eg hadde gleda av å bu her sammen med Svanaug, Arne og Aron påsken 2011. Nydelig terrasse, reint, ryddig og lite. Vi følte nesten at vi budde i vårt eige hus :-). www.petitereserve.com/

"Go with the flow" på Gran Canaria

Litt skeptiske var vi før vi dro av gårde. Men skepsisen forsvant då vi kom ut av fluet til 25 grader, strålande sol og blide folk (sjølvom mange av dei var nordmenn). I taxien på veg til Puerto Rico blei heile familien gladare og gladare etterkvart som vi nærma oss hotellet. Og vi blei ikkje skuffa! Hotellet Marina Suites var nydelig. Store leiligheter, flott terrasse med utsikt over sjøen og solnedgangen, eit oppvarma basseng og delikate fellesområder. Og best av alt: her låg det ikkje skrikande "Bamse-ungar" rundt poolen med plastikkleiker i hendene. Ahhh... Med yngstemann på 14 år, er alle i vår familie glade for å sleppe unna ungane. Slik er det blitt. Oppsummert: kan anbefala på det sterkaste å feire jula på Gran Canaria. Bruk oppholdet til å ein studie i sosialantropologi. Gå lange turar i fjellet. Ta deg ein fin joggetur langs stranda ut til Amadore. Og ikkje minst: drikk god vin på terrassen og nyt utsikten. PS. Langs havna finn du også ein nydelig indisk restaurant... www.marinasuitesgrancanaria.com/en/home