søndag 30. september 2012

Endelig tur til Antibes igjen jenter! Plan A er på plass...


Guuu kor eg gler meg! Dette er plan A (som vanleg har eg ein plan B på lur...)

Fredag 12. oktober fer me av gårde kl. 09.55 med Norwegian frå Gardermoen. Møtes i restauranten der vi møtte Maria sist. Kanskje litt tidlig for eit glas vin? Trur det blir kaffi no. Me landar i Antibes ca 13.00. Då tek me buss eller taxi til Antibes. Leiligheiten ser du her: www.finn.no/reise/feriehus-hytteutleie/object?finnkode=36747503&type=ADVERT. Suveren plassering! Me handlar champagne og jordbær og set oss på terrassen :-). Så ruslar me rundt i byen ein tur. På kvelden går vi til muren og et thaimat på "Elephant Bleu".

Laurdag 13. oktober et me frokost på markedet. Vi får med oss livet når byen vaknar. Så flyttar me over i den store leiligheten. Er været fint, legg me oss rett ut på Royal Beach. Vi kan ta ein tur opp på toppen av Cap d`Antibes. Og rusle sakte vidare ned til Juan le Pins. Litt shopping? Me finn butikken  til Svanaug med Jonny Depp buksa...Middag på den italienske restauranten Mamalu i gamlebyen i Antibes.

Søndag 14. oktober kan me væra litt kulturelle. Huset til Renoir (Musée Renoir)  er fantastisk. Det ligg i Domaine des Collettes i Chemin des Collettes, og er spennande å besøke. Like ved ligg ein liten landsby der me kan rusla litt rundt. Eventuelt kan me også dra innom Biot og sjå på glassblåseriet og besøke landsbyen der. På stranda kan me plukke steinar og ta oss eit aldri so lite bad hvis det er varmt...Orkar me ikkje være kulturelle, kan vi ta turen rundt heile Cap d`Antibes. Ta på gode sko og ta med fotoapparatet :-)




Mandag 15. oktober tek me båttur til Ile Saint-Honorat like utafor Cannes. Fredfull øy med vin- og oliven marker og ein nydelig lite kloster. Der ligg restauranten La Tonnelle. Lang lunch før me tek båten inn til Cannes. "Kan du, so kan eg!", som Elin seier. Kanskje litt shopping? Og ein tur innom Baoili for ein aldri so liten drink før me tek taxi heim. Eller? Og er me svoltne, får me nydelig sjømat på cafe Brun i 27 Rue Félix Fauré.


Tirsdag 16. oktober kan me slanga oss på solsenger i Juan Le Pins om været er flott. Rubin Bleu er heilt ok. Eller på solsenger på Royal Beach. Er de rastlause og været er dårlig, kan me ta toget til Nice eller båttur til Saint Tropez. Om Nice og gamlebyen fristar, går me innom ein bitteliten restaurant som har aldeles nydelig pasta. Acchiardo, 38 Rue Droite. Så blir det drink på toppen av hotell Le Meridien med utsikt herfra til evigeheten :-). "Me teke da so da kjemme", som Svanaug seier.


Onsdag 17. oktober ruslar me rundt i Àntibes før me tek taxi eller buss til flyplassen. Avreise med Norwegian 13.35 tilbake til Oslo. PS. Noko du syns vi har gått glipp av? Vil du slappe meir av? Vil du besøke noko anna kulturelt? Sei frå, så finn eg ut av det. Husk å ta med: håndkle, sengtøy eller lakenpose, gode joggesko, skjerf, tjukk genser, bikini og godt humør :-)


lørdag 22. september 2012

Kongelig spa i Marrakech


Royal Mansour

Eg er litt usikker på om eg faktisk likar spa og massasje. Er egenlig litt for rastlaus, litt for "kitlige" og litt for utålmodig. Men det er nok sikkert bra for meg. Og sidan eg bur sammen med ein som elskar dette, så kan eg alltids la meg frista til litt spa eg også. Uansett: hotel Royal Mansour ser aldeles fantastisk ut!

www.royalmansour.com/
Geir: kva seier du? Blir du med?