fredag 12. september 2014

Paros og Noussa er ikkje trygt neste veke


Det kriblar i kroppen og forventningane er skyhøge før avreise om berre to dagar. Så slår det meg: herregud... me har planlagt å reisa på denne turen i 1 år (!). Men har me ein plan A? Nei då! Den har me gløymt. Er det mulig? Kor er reiseledaren hen? Har ho gløymt pliktene sine? "Ja, nesten", er svaret...Men her kjem panikkplanen

Altso; her kjem plan A:

13.09 Lørdag: Guriii, no har me reist langt (ikkje særlig, men alltid ein ynnskyldning for å samlast og pusta ut), og det er uansett viktig å få i seg nok væske. Så no blir da vin i hotellbaren eller på ein eller annan sin terrasse. Anette har ansvaret for å organisera oss på rett plass. Vi "lander" etter flyturen og båtturen :-)

14.09 Søndag: stranda må utforskes og badevatnet testast. For her e da varsla 27 grader folkens. Elin: er du først uto eller? Pleier ikkje du å vera det? Etter lang avslapping (det har me fortjent), så drar vi til byn og sjekkar ut livet. Her finn me oss en fin restaurant for kvelden. Anette bestemmer i dag og ho ordnar opp og geleider oss fram. Tips: May Britt har vore her før...Tippar det blir høgt støynivå.

15.09 Mandag: Litt rastlaus no kanskje? Iallefall er sikkert nokon av oss det. På med joggeskoa og korte-toppen. No blir da kappgang. Spasertur i god kjent kjapp "Balestrands-gange" i turområdet. Elin og Kari-Anneleder de an og finn ei god rute oppi terrenget? Sidan de er slike fjellgeit? Og i kveld (surprice), er det de som er sjefen for restauranten. Jippiii. Matglade Kari-Anne går nok inn for oppgava med liv og lyst.

16.09 Tirsdag og geburtsdag! For eksakt 50 år sidan kom May Britt og Kari Anne til verda. Dette må feirast skikkelig. Og me feirar med båttur. May Britt har gjort det før. Ho kjenner skipparen, sønnen, mora, tanta, onkelen og heile båt-slekta. You fix tur for alle sammen denne dagen? Eg har høyrt rykter om mat, drikke, bading og hyggelig familie-mannskap om bord. Me gler oss. Ta med deg snorkelen, badehånkle og alt det der...May Britt; resten av dagen bestemmer du (i lag med Kari Anne og selvfølgelig). Love it

17.09 Onsdag: Etter ein heftig aktivitetsdag på båt, startar denne dagen med kort, kjapp gange i området. Jorunn har speida etter ei ny rute, og dei som vil blir med. Etter kappgangen blir yoga. Jorunn sjekkar formen din. Så her er det berre å finna fram den djupe pusten, den rette holdninga og dei mjuke (?) ledda. Deretter byttar me til bikini og svømmebriller og slangar oss på solsenger... På kvelden finn Beathe ein god restaurant

18.09 Torsdag: I går kom Turid til oss også. Og kva betyr det? Det betyr: fram med kredittkortet, på med shoppingskoa og fram med veskene. Her skal det handlast! Ikkje til andre, men mest til oss sjølve...Husk det. No er me femti. På tide å tenke på seg sjølv (det har me vel forresten vore gode til før også når eg tenker meg om). Og i kveld er det Turid som står for restauranten. Me er berre med me. Latter og sang kanskje? Andre underholdningsbidrag?

19.09 Fredag og siste dag. Sukk... Dette må jo feirast. For me har sikkert ikkje feira særlig mykje før tenker eg (?). Lingen og Svanaug leder an for dagen. Dei to e nokre luringar som ofte har sansen. Her kan det bli noko utradisjonelt eller overraskande (hvis dei vil då). Kanskje ho tek oss med på ein løgen plass? Og har ein leik på lur? Kem veit

20.09 Laurdag og heimreise...Det giddar me ikkje å snakka meir om. To år til neste gang. E du med?