søndag 9. juni 2019

Mannen vender heim - Road trip gjennom Spania og Frankrike


Etter 3 (!!!) år vender Geir heim frå Algerie. Og vi gleder oss alle sammen. Iallefall eg. Vi fann derfor på den geniale ideen å køyre frå Malaga til Norge. Vel.. Genial og genial. Det vil no tida vise. Planen begynner å ta form, og her er ruta. Takk til alle som bidro ,med gode tips pøå Facebook. Kartet er tegna opp og tida satte ein brems for mange av plassaen. So det betyr at me må ta ny tur seinar folkens. Dette blir braaaaa...

30.-01. Malaga - Granada
Eg har vore her før. Det var ei "Statoil-tid" med slalom i Sierra Nevada og hotell i Grenada. Med Statoil-kunder, alpingutta og mykje morro. Vi fekk til og med med oss Al Hambra. Og noe reiser eg med Geir. Me bur på Sercotel 

01.-02. Granada – Toledo

For ein fantastisk plass! Historisk middelalderby med små restauranter, trange gater, kloster, bymur og nydelig mat. Kan anbefala Sercotel midt i byen. 

02.-04 Bilbao
Endelig skal me besøke Guggenheim museet i Bilbao. Det gledar me oss til. I tillegg skal me besøke La Ermita de San Juan (trappene ute ved sjøen). Me bur på Hotel Gran hotel 

04.-05. Bilbao – Ein plass underveis...
Sjåføren må ha pauser mellom køyringa. Regnar med det blir Geir som køyrer. Sjølvom eg er ein kanongod sjåfør (eller?). Han (og


Ola) påstår at eg (og Halldis) ikkje er heilt stø. Skjønnar ikkje kvifor?!

05.-08. Cadaque
Dette er landsbyen til Salvador Dali. Ein bitteliten fiskarlandsby som ser heilt nydelig ut. Love it. Me bur på Hotel Calina

08.- 13. - Ein plass underveis
Ein gang for mange år sidan då familien Glum var i Sør Frankrike, var me innom Hyeres. Sjølvom me hadde dårlig råd, klinka me til og budde fint nokre dagar på Hotel Provencal. Me har gode minner herfrå med kortspel, tennis og bading mellom klippene. Etter mange
år har me litt bedre råd, så kanskje me skal klinke til i år også? Og så ville Katarina møte oss. Og det er kjekt, så det spørs kor og korleis me fiksar det. Hallo..Ho er tross alt ovweer 20 år no då. 
Hyeres. Le Provencal.... Hente Katarina? Hvor vil du være? Hva har du lyst til?

13.-18.(Katarina kan dra hjem fra Nice og Markus og Ellen kommer 16.)
Me elskar rivieraen. Der skal også Markus og Ellen den 16., så då kunne me ikkje dy oss. Dei har leigd leilighet i sentrum. Me måtte møta dei eit par dagar. Eg (og dei) har lyst innom Le Plongoir. Tenk at eg aldri har oppdaga denne plassen før?! Halldis viste meg den. Og takk for det. Me bur på Le Saint Paul hotel

18.- 19.Nice – Et sted underveis…
Sjåføren (det er ikkje eg) må kvile underveis. Så her veit me ikkje
heilt kor me havnar. 

19.-20. Paris?
Geir har visst eit ærend i Paris. Ååå, so synd (not). Så då blir det "plikt" å dra innom byen i mitt hjerte.   

20.- hjemover….
To be continued...