tirsdag 12. september 2023

Antibes - Det var jammen på tide!

Himmel og hav og herregud - me skal til Antibes igjen. Eg er overlykkelig. Det var ikkje for tidlig! Etter 5 års venting på grunn av Corona og greier og greier, er vi endelig klare igjen. Og som vanlig har me ein Plan A. Her kjem den:

Søndag 17.09: Blir det litt bobler på flyplassen? Mulig det. La oss møtes på Havsalt (eller bakeriet rett overfor). Sov på flyet hvis du klarer, He he ... Me landar i Nice ca kl 11.00. Der møter me Beathe som sikkert har kosa seg på flyplassen. Me tek ein Uber til Antibes (raskt og billig). Jorunn, Anette og Turid lastar ned appen i forkant og tek med seg kvar si gruppe. Siden vi nok ikkje får huset straks, så ventar vi på markedet (Marche Provencal). Jorunn, May Britt og Beathe drar av gårde og handlar på butikken. Så blir det romfordeling og utpakking. Deretter ruslar vi bort til stranda Salis med badetøy og drikke med oss. I kveld blir det tapas-aktig på terrassen i huset. Ansvar: Jorunn og May Britt

Mandag 18.09: Rise and shine damer :-). For de ivrigaste blir det morgenbad og yoga på stranda. Klarer vi det vi gjorde sist? Kanskje med hjelp av Lingens støtte og veiledning. Kjapp tørk og opp på terrassen til laaaaang frokost. Så er det på med shorts, t-skjorte og caps. For nå ruslar vi opp til tårnet for å nyte utsikten. Vi går ned igjen via Cap d`Antibes og inn igjen til huset. Så ruslar vi litt rundt i gamlebyen og blir kjent igjen (lenge siden veit du...). Kor blir det middag? Det bestemmer ansvarlige. Ansvar for frokost og middag: Lingen og Svanaug

Tirsdag 19.09: Ut på tur - aldri sur. Og på ein tur som dette må me ha "Something old, something new og something blue". Nå er det noko nytt. Me skal ta toget, eller Uber til Villefranche-sur-Mer. 
Dei som vil kikke rundt i denne nydelige vetle byen gjer det. Dei som vil blir med meg på ein ein god tur rundt heile Cap Ferrat. Turen er litt lang, så her må du ha gode joggesko og raskt tempo folkens. Ta med badetøy og håndkle. Etter turen møtes me alle på "Villa Ephrussi de Rotschild" med fantastiske hager og nydelige omgivelsar. Mat? Ja da... Foreslår at me et sein lunch på La Mere Germaine (May Britt: du har vore der før). Eller vi tek ein matbit ein anna plass på kaien før toget tilbake til Antibes. Ansvar for frokost og middag: Lykke og Anette

Onsdag 20.09: Morgenbad og yoga igjen. Og i dag blir me i Antibes. Her er det mange fine butikkar og kafear å velge mellom. Blir det shopping Turid? Eller kanskje ein ny okse Anne-Britt? For dei som er litt vel rastlause, kan ein tur til Juan Le Pins være ein ide også. Eller "Sjangle-Per", som Svanaug pleier å kalla byen. Vi kan gå eller ta det vetle toget dit. Kan anbefala toget faktisk. Når du er lei shoppingen, så er stranda Plage de la Salis fristande. Der kan me velga mellom sand eller stein. Og kanskje tek nokon ein Aperol på Royal Beach på veg heim? Fritt fram. Ansvar i dag: Kari-Anne og Elin

Torsdag 21.09: Laaaang frokost før me tek fatt på runden frå huset og rundt Cap d`Antibes. Heilt frivillig å gå så langt - ca 1 mil totalt i 3 timer-isj. Vil du bli med eit stykke, så bli med til Plage de la Garoupe på vegen ut. Stranda har gjennomsiktig vatn og er aldeles nydelig - iallefall når eg var der i sommar. Ta med badetøy og ein strandkjole. For her blir det lunch på Le Rocher - ein liten strandrestaurant. Les i boka di, bad, nyt livet og slapp av. 
Er du av den rastlause typen slik som eg er, så går du rundt Cap d`Antibes sammen med meg og tilbake til Le Rocher. Er du nysgjerrige på kva kvelden bringer? 
Ansvar: Turid og Anne Britt

Fredag 22.09: Tid for "something old". Og i dag skal vi på tur til Cannes. Enten via tog eller via buss eller via Uber. Me tek reprise på båttur ut til øya Ile Sainte-Marguerite, og i år må me starte frå Cannes. Så ikkje så lang båttur faktisk. Der ute kjøper me Pain Bagnat (rundt brød) og finn oss ei strand me kan kosa oss på. 
Tilbake i Cannes, kan me spasere i gågatene eller på croissetten. Det er mange "gullfisk-leppar" å sjå på her. Det kan eg lova deg. Retur til huset etterkvart. Et me i Cannes? Eller i Antibes? Det bestemmer desse to: 
Ansvar: May Britt og Beathe

Laurdag 23.09: 
Siste dagen og då roar me ned i Antibes. Me startar med morgenbad og yoga. På veg heim kan me gå innom markedet. Deretter surrar me rundt i gamlebyen, handlar gaver hvis me har nåken som fortjener det heime (såper, duftlys, lavendel-greier osv). 
Om sola skin, så blir det strandliv igjen. Om å gjere å nyte det før me sit på flyet på veg heim. Altså: ein rooooleg dag. Ansvar: Den som melder seg ...

Eg satsar på at værgudane er med oss. Men er dei ikkje det, så har eg selvfølgelig ein Plan B. Den kan medføre ein utflukt til. 

Ellers så minner eg om "reglane": 1. Me deler alt av felles mat og drikke likt - orkar ikkje styr med regningar 2. Du blir med på det du vil 3. Vær inkluderande og bidra til at alle har det kjekt 4. Godt humør og gode diskusjonar er det beste me veit! Takk for at DU blir med :-)

søndag 2. oktober 2022

Turen over alle turer - Tour de Mont Blanc

 Vi hadde trent for lite. Vi hadde ikkje trent  med sekk (før siste månaden). Men vi hadde prata mykje om utstyr, klær, vær og vind. Vi? Det er Venke, Turid, Pia og eg. 

Men september 2022 kom. Og den 8. sto me spente og litt nervøse ved innsjekkingen hjå Finnair. Med sekkane på ryggen (tok ikkje sjensen på å mista inngåtte fjellsko og viktige klær på veg ned). Sissel, guiden vår, hadde trua. Så då var me litt optimistiske vi og. Vi rakk så vidt transit i Helsinki... Vi landa trygt etter mykje sirkling i ring over Geneve på grunn av p"tecnical problems". Bagasjen kom og vi måtta roa oss med litt vin før me tok shuttle bussen videre til Chamonix.

Dag1: Shuttlebussen til Chamonix fra Geneve tok oss til Boutique Hotel Morgane. Vi var glade. Men det venta ei lang natt. Venke og eg måtte pakka opp og pakka ned. Pakka opp og pakka ned. Eg gjekk gjennom toalettsakene henna med hard hånd! "det veier så lite", så ho. Men "nei"; all vekt teller. Me sovna cirka 02.00 ...Fremdeles usikre på om me hadde for tung sekk

Dag 2: Rise and shine. Og sola skein i Chamonix. Frå terrassen såg me mektige Mont Blanc. Etter frokost kom Caroline (veninne av Sissel). Ho køyrde oss til start i Domaine du Tour. Vi var så klare at gondolen ikkje hadde åpna enda (kl 08.00). Men opp for vi etterkvart. I strålande vær. På toppen starta Sissel i ein forrykande fart. "Var dette rolig tempo?", lurte vi på. Men det viste seg at vi trengte tida. Vi skulle nå chaleet Nant Bourant (i Frankrike heiter det chale og ikkje hytte). Og det var laaaangt å gå. Kom fram 17.45. Parkerte fjellsko og staver i kjellaren, feira med Gammel dansk (Takk Turid for at du overbeviste oss om å ta den med) og fann rommet vi skulle dele med 4 damer fra Seattle. 

Dag 3: Etter litt dårlig søvnkvalitet og mykje ulyd frå sengekameratane, var vi oppe og klare for neste etappe kl 07.30. Tøff oppover. Passert av ein dansk muggen kar som hadde hengt buksa si på tørk utanpå sekken sin (dårlig mage?). Vel, vi spekulerte litt i det på vegen opp til Col de Bonhomme ca 2400 moh. Nydelig vær cder vi gjelk opp og ned. Og opp og ned igjen. Var framme i chaleet La Nova cirka 16.30. Venke sliten etter oppoverbakkane. Eg sliten etter nedoverbakkane. Men jammen blei det litt "nubbe" i dag igjen gitt. Maten smaka godt. Vi et det vi får. For vi får ikkje noko anna. To amerikanske ungjenter var vegerarianere, men ombestemte seg på turen. He he ... 

Dag 4: Som vanlig klare kl 07.30. Nye rutiner er på plass: eit glass for å feire når vi kommer fram. Finn senga di. Rull ut lakenposen. Finn fellesdusjen og dusj raskt! Et det du får der du blir plassert. Finn fram hodelykta og silikon-øyreproppane. Legg deg kl 20.30. I La Nova delte vi rom med ein snorkande Brasilianer og hans nydelige kone. Men tilbake til start: oppover 6 km frå La Nova. Forbi patruljerande fjellvoktere som hadde observert ulv (!) på veien. Men vi kom oss til Col de Seigne ca 2400 moh. Vondt i tærne nedover og nedover. Men blei glad då vi luncha på Elisabetta. Så av gårde til juhuuuu ... Courmayeur ... For ein nydelig liten by! Og her hadde vi kosta på oss luksus: Hotel Gran Baita. Og Chris kom med den mykje omtala "posen" vår: reine klær. 

Dag 5: "Drømme-etappen" for ei fjellgeit frå Vestlandet. For ein etappe. Eg har ikkje ord. Gjennom skog, opp til knausar med nydelig utsikt, lunch på chalet i bakken, bortover fjellsidene i "Sound of music" magi, forbi kyr som sperra vegen, bading i elva og til slutt opp til favorittplassen chalet Bonatti. Og vi er nå i Italia. Makan til utsikt. Makan til uteplass. Og makan til majestetisk natur. Når det mørkna såg vi lyset frå klatrarane som hang i passet på andre sida av dalen. Framme ca 15.30: relativt grei etappe i dag. Rommet delte vi med James journalist frå London. På kvelden sang vi "Halleluja" med vår nye venner frå Israel. Men i seng kl 20.30

Dag 6:Vi skal frå Italia til Sveits. Først går vi til Elena der vi et ein toast. Opp til Col de Ferret ca 2300 moh. Som vanlig går vi opp til ein "col", så ned. Så opp igjen til ein ny "col". Vi går ein halvmaraton kvar dag. Via Refuge de Poulet og framme i La Fouly på Edelweiss pensjonat ca 17.30. Vi fekk loftet for oss sjølve og var i grunn glade for det. Venke sovna før ho la hovudet på puta :-O. Og regnet kom.

Dag 7: "Den grusomme dagen". Opp 06.30 (som vanlig). Ned til frokost. Pakke opp posar. Og pakke ned posar. Fram med ponchoen frå Normal. På med goretexen. Og på med smilet. Vi er forberedt. Endelig får vi valuta for nyinnkjøpte klær, hansker og luer. Gikk til Champex lac (Sveits). Gledet oss til lunch i oppoverbakkene, men "nei da"; der var det stengt. Vi måtet ty til nøttene og sjokoladen (som vi forøvrig blei ganske så leie av). Null lunch i dag. Døypte eine bakken til "Venke-bakken". Det regna og det blåste. Dette var den lengste dagen. Via Col de Forclaz. Rakk akkurat Auberge de Mont Blanc i landsbyen Trient. Flashback til backpacker-tiden. For dette var ungdommenes sted. Men vi tok fram "nubben" og lot oss ikkje merke av det. Heilt til vi blei plassert sammen med to ugjestmilde og uoppdragne ungjenter fra California. Som ødela geburtsdagsfeiringen til Sissel. Og som gjorde nattesøvnen urolig ...

Dag 8: Kom oss fort av gårde. Vi ville komme oss vekk. Ferden gikk til Col de Baume. Der drakk vi varm sjokolade med krem. Nyyydelig. Gikk via Col de Passet og ned til Tres les Champ og Auberge de la Boerne. Fantastisk. Vi er i Frankrike igjen og får den beste maten på heile turen :-). To lange nederlendere holdt oss med selskap og følget frå Israel dukka også opp. Dei to jentene fra California dukka også opp (dessverre), så vi forlot den altfor-trange-hytta og vandra videre i mørket med hodelyktene på. Til Vicky`s chalet.

Dag 9: Vi hadde sove godt her i Argentier (?)! og siste etappe låg framfor oss. Veldig kort etappe. Ned til Chamonix igjen. Forbi chaleet som Sissel hadde bodd i og nedover flotte siar ved elva. Eg veit ikkje om det var fodi vi nå var mentalt klare for å komme fram, men den "korte" etappen virka jammen lang! Men omsider kom til tilbake til hotellet vårt i Chamonix. På ein nydelig italiensk restaurant feira vi endelig Sissel sin geburtsdag. Med taler og gode samtaler. Litt vemodieg over at eventyret var over. Trudde vi ...

Dag 10: Opp tidlig, ut på marked. Ost, skinker og pølser. Og gaver til hjemlandet. Den fine dagen blei berre avbrutt av knivstikking, politi, ambulanse og "røre" på hotellet vårt. Vi var ikkej involvert. Men det var personen på naborommet vårt. Han fekk hard medfart og vi veit ikkje om han overlevde. Drama og uro i gruppa, naturleg nok. Oppi alt kansellerte flyselskapet returen vår neste dag. Vi dro, men overnatte på Schiphol. Ikkje å anbefala! Men kort oppsummert var vi alle einige om at det hadde vore ein fin tur. Turen over alle turar! Dolomittane neste? Tips taes imot med takk :-)

 



 

 

søndag 9. juni 2019

Mannen vender heim - Road trip gjennom Spania og Frankrike


Etter 3 (!!!) år vender Geir heim frå Algerie. Og vi gleder oss alle sammen. Iallefall eg. Vi fann derfor på den geniale ideen å køyre frå Malaga til Norge. Vel.. Genial og genial. Det vil no tida vise. Planen begynner å ta form, og her er ruta. Takk til alle som bidro ,med gode tips pøå Facebook. Kartet er tegna opp og tida satte ein brems for mange av plassaen. So det betyr at me må ta ny tur seinar folkens. Dette blir braaaaa...

30.-01. Malaga - Granada
Eg har vore her før. Det var ei "Statoil-tid" med slalom i Sierra Nevada og hotell i Grenada. Med Statoil-kunder, alpingutta og mykje morro. Vi fekk til og med med oss Al Hambra. Og noe reiser eg med Geir. Me bur på Sercotel 

01.-02. Granada – Toledo

For ein fantastisk plass! Historisk middelalderby med små restauranter, trange gater, kloster, bymur og nydelig mat. Kan anbefala Sercotel midt i byen. 

02.-04 Bilbao
Endelig skal me besøke Guggenheim museet i Bilbao. Det gledar me oss til. I tillegg skal me besøke La Ermita de San Juan (trappene ute ved sjøen). Me bur på Hotel Gran hotel 

04.-05. Bilbao – Ein plass underveis...
Sjåføren må ha pauser mellom køyringa. Regnar med det blir Geir som køyrer. Sjølvom eg er ein kanongod sjåfør (eller?). Han (og


Ola) påstår at eg (og Halldis) ikkje er heilt stø. Skjønnar ikkje kvifor?!

05.-08. Cadaque
Dette er landsbyen til Salvador Dali. Ein bitteliten fiskarlandsby som ser heilt nydelig ut. Love it. Me bur på Hotel Calina

08.- 13. - Ein plass underveis
Ein gang for mange år sidan då familien Glum var i Sør Frankrike, var me innom Hyeres. Sjølvom me hadde dårlig råd, klinka me til og budde fint nokre dagar på Hotel Provencal. Me har gode minner herfrå med kortspel, tennis og bading mellom klippene. Etter mange
år har me litt bedre råd, så kanskje me skal klinke til i år også? Og så ville Katarina møte oss. Og det er kjekt, så det spørs kor og korleis me fiksar det. Hallo..Ho er tross alt ovweer 20 år no då. 
Hyeres. Le Provencal.... Hente Katarina? Hvor vil du være? Hva har du lyst til?

13.-18.(Katarina kan dra hjem fra Nice og Markus og Ellen kommer 16.)
Me elskar rivieraen. Der skal også Markus og Ellen den 16., så då kunne me ikkje dy oss. Dei har leigd leilighet i sentrum. Me måtte møta dei eit par dagar. Eg (og dei) har lyst innom Le Plongoir. Tenk at eg aldri har oppdaga denne plassen før?! Halldis viste meg den. Og takk for det. Me bur på Le Saint Paul hotel

18.- 19.Nice – Et sted underveis…
Sjåføren (det er ikkje eg) må kvile underveis. Så her veit me ikkje
heilt kor me havnar. 

19.-20. Paris?
Geir har visst eit ærend i Paris. Ååå, so synd (not). Så då blir det "plikt" å dra innom byen i mitt hjerte.   

20.- hjemover….
To be continued...


onsdag 5. september 2018

Har me fortjent det? Oh yesss

Juhhuuuuu...Da er det ny tur, og gu kor eg gler meg! Det blir ein fryd å sjå dykk igjen. I år blir vi kun 8 personer. Tenker det blir fint eg. Vågar ikkje invitera med "utaforståande" lenger. He he...Og jammen e programmet på plass også. Plan A altså. Som vanlig ein plan A med plan B hvis me vil noko anna. Eg lova dykk "something old, something new, something borrowed, something blue". Men "nei", eg skal ikkje gifta meg. Så er det fastslått. Og her er programmet:

Søndag 16.09 (og jammen e da to som har geburtsdag): Møtes på Gardermoen til ukristelig tid. Klokka 06.30 på Fjøla inne ved taxfree. Altså etter at du har sjekka inn. Og der tek me eit glass bobler for å feira bursdagsbarna. Vi lander 11.00 og då tek me to taxiar hæ? Med fire i kvar taxi blir det ikkje så mykje. Og...me kjem heilt fra til døra kjapt! Me handlar inn litt til leiligheten (Jorunn og Kari Anne) og så går me rett bort på stranda på Royal Beach (eller var det Bitch?) og badar. Eller tusler rundt i byen. Ansvar for middagen: Elin og Lingen bestemmer

Mandag 17.09: Raise and shine. Det er morgen og frokost. Og livet lyser. Iallefall litt. Lang frokost på terrassen for me må samle krefter til dei tøffe dagane som kjem. Er etterspørselen stor, kan det bli yoga på stranda og bading etter frokost. Men må ikkje tru du får slappa av så altfor lenge. I dag blir det enten 1) kappgang rundt Cap (kapp) d`Antibes eller 2) det lille toget, Uansett ender vi opp i Juan le Pins. Ta med badetøy og håndkle. Vi legg oss på Rubin Bleu og solar oss. Så blir det litt shopping for dei som vil. Frokost og middag: Anne Brit og Anette

Tirsdag 18.09: Jepp. I år blir det reunite med Monaco. Håpar du Anne Britt blir glad no...(?). Først bading og yoga på stranda. Så tek me toget til Monaco, ruslar rundt nede i by`n først. Kari Anne har besøkt ein spennande bruktbutikk som vi må sjekke ut først som sist. Og vil du spela på Casino, så kan me det også. Stort sett berre einarma banditter, trur eg... Etterkvart går me opp i gamlebyen og besøker prins Albert (eller ikkje). Frokost og middag: May Britt og Jorunn 

Onsdag 19.09:  Og her er something new altså... Me skal på båttur (!!). Katamaran antageligvis. Og me skal altså ut på Iles Margerite og Les Corniche Rouge. Det er området rundt Cannes. Vi har dessverre ikkje båten for oss sjølv. Dyrt, dyrt, dyrt...Men me skal sørge for at dei andre opplever at det er vi som har leigd den. Nei da... Båten er ikkje bekrefta, men det ser ut til å gå i orden. Det kostar cirka 500,- per pers. Og vi drar frå Juan le Pins kl 10.15.og er tilbake 17.20. Frokost og middag: Lykke og Kari Anne

Torsdag 20.09: Puuuh. Me må slappa av i dag. Men det blir yoga på morgenen. Me vandrar rundt i Antibes, sit på terrassen, går ned og bader på stranda, les bok, skravlar, besøker Picasso-museet og held på. For det er mykje kjekt å sjå her også. Sist kjøpte Anne Brit ein okse (!). Tenk det. Vil vi ha solsenger, så går vi til Royal Beach igjen. Frokost og middag: Elin og Anne Brit

Fredag 21.09: Fortsatt utferdstrang og lyst til å gjera noko nytt? Me har aldri vore i Villefrance-sur-mer. Der er det vakkert. Nesten som Balestrand. Bratte bakker, flott sjø, turar og koselige små kafeer ned ved havna. Dette er "Postkort-Rivieraen". Litt åpen dag, men me "teke da som da kjemme". Not. Vel, me blir einige. Har du ynskjer? Kom med dei, så blir det så bra. Frokost og middag: Lingen og Anette

Lørdag 22.09: Yoga først på stranda. Har me blitt bedre etter desse dagane? ("Nei, det er ikkje meg på bildet!"). Eg har uansett nytt program til oss. Sukk. Siste dag som me må utnytta til det fulle i Antibes. Gå til toppen, ta turen til Juan le Pins, samle runde steinar på stranda ("har det klikka for ho no?) Foreslår lang lunch denne dagen. Flyet går ikkje før cirka 21.00. Me tek 2 taxiar til flyplassen. Lang lunch: May Britt og Lykke bestemmer

Til slutt: fortvil ikkje. Det er berre to år til neste gang :-O.. Og eg gledar meg allerede til å samla desse fantastiske, fine, fjonge, fabelaktige, fryktsomme damene igjen! Love you

tirsdag 3. juli 2018

God tur til Sardinia Michelle

Michelle skal til Sardinia og da sendte jeg henne denne:
Her kommer Sardinia-tips: Bo i Alghero. Der er det en hyggelig gamleby med trange gater og små restauranter. Booking.com har ofte leiligheter der. Finn et sted langs stranden mot vest. Fra Alghero drar dere på båttur til en grotte Grotta di Nettuno. Og du kan sykle vestover og besøke de fantastiske små strendene der (ca 1-2 mil).

Ellers var det nydelig i nord også. Da ville jeg dratt ut til øya Maddelena og også leid sykler der. Da klommer du deg rundt overalt. Og strendene er magiske. Fint hyggelig sentrum. Du kan ta båt fra Palau. I nord ligger den mest kjente milliadær-lekebyen Porto Cervo. Ikke et blivende sted! Men gøy å se en dag hvis tid. Ikke viktig egentlig. Vil dere ha heeeelt ro og frem kan dere dra til *Castelsardo* og bo midt oppe i gamlebyen (booking.com). Men som sagt der skjer det egentlig ingenting. Men det er nyyyydelig der. Kanskje 2-3 dager?

På østkysten har du Calaganone. Der er det små hyggelige hotell, en fin landsby og hyggelig stemning. Men altså ikke et "party-sted" det heller. Det viktigste man gjør der er å ta liten minibåt ut langs kysten. Du kan leie båt på havna. Alle gjør det. Og de er veldig hjelpsomme på havne. Styrer båten ut fra kai og inn til havna på ettermiddagen. Dette er absolutt verdt det! Fordi strendene utover på denne siden er del av en nasjonalpark. Og jeg vil kanskje si en av de fineste jeg har sett. Faktisk. Dra ut tidlig på morgenen og få med dere stemningen. Ta med mat og drikke. Dra hjem på ettermiddag/ kveld. Det er mulig å komme seg et stykke utover med bil også, men da kommer du ikke helt ut til de fineste stedene. Fra Calaganone er det også flott å gå fjellturer. Book tur på turiskkontoret. Dere dfrar i jeep oppover sammen med lokal guide. Guiden har med Sardinsk mat og vin. Dere kommer til nydelige raviner og flotte formasjoner. Vi elsket det. Men det aller beste i Calaganone er også å sitte på havna og drikke hvitvin.

Goooood tur! PS. Dere skal bare være der i to uker. Jeg ville ikke brukt tid på å dra sør. Det er langt!!.

Bilderesultat for sardinia

fredag 9. september 2016

Det er sjette året på tur :-O

Det starta då eg blei 40 år. Då kjende eg veeeldig godt etter: kva vil eg gjera på 40-årsdagen min? Og slik enda ti fantastisk gode veninner opp i eit urgammalt hus i gamlebyen i Antibes. Etter ei veke i lag hugsa eg at me sat på terrassen og undra: "Må dette ta slutt?". Og då var det ei glup ei blant oss som sa:"Kan me ikkje gjera detta jevnlig?".Og no er det altså sjette gangen me fer av gårde. Nok mimring. Over til konkrete planar. For planar er viktig. Særlig Plan A (me kjem som regel ikkje lenger enn til A). Så her er plan A for det gyldne året 2016:



Søndag 18.09: 
Me lærer aldri. Avreise kl 07.20. Seriøøøøst. Me må væra på flyplassen kl 05.20. Eg må reisa heimefrå 04.30. Kem e da som e oppe so tidligt? "Det er dei som bygger landet", sa Erlend Loe i ei av bøkene sine. Javel, eg er definitivt ikkje ei av dei som bygger landet. For eg er sjelden oppe so tidligt!

Eg regnar med me kjem oss vel gjennom passkontrollen. Og då er Taxfree next. Oppfordring: kjøp 1 flaske champagne med deg på tur. PS. Me veit det blir mykje champagne... Og då slepp me drassa rundt på koffert til butikken når me kjem fram. Møtes på kafeen rett "i bakken" ned frå taxfree-en. Så flyr me av gårde inn i soloppgangen. Me landar ca 10.20 og tek bussen eller taxi til Antibes (me er blitt litt rikare og litt latare no enn før).

Så er det rett inn i leiligheten og fordeling av rom. Og standarden går oppover med åra. I år er det "premier ligne" (første linje) dvs. heilt i sjøkanten. Eige hus. Tre etasjer. To terrasser. Ein hage. You name it. Vi har det. Me har fire senger i 1. etasje i eit stort soverom. Så har me to soverom med to dobbeltsenger i 2. etasje. Og på toppen er det ein sofa. Enkelt og greit; det blir loddtrekning.

Me rigga oss til og om sola skin (og det gjer ho som regel), så ruslar me bort til Royal Beach. Her blir det bading, soling, prating, lesing (det spørs?...). Me et ein sein lunch/ middag her.
I kveldinga går vi innom butikken på veg heim til huset før me avluttar på terrassen i solnedgangen.
Ansvar for dagen og maten: Jorunn og May Britt

Mandag 19.09
Ut og gå. På med gode sko og gode klær. Her skal vi på tur. Men ikkje so langt. Runde rundt Cap d`Antibes på veg til Juan le Pins. Eller for dei som ikkje vil: straka vegen til Juan le Pins. Og Rubin Bleu. Solsenger, shopping og relax. PS. Det var her me møtte dei "gamle" damene på 50 år den gangen vi var 40 år (!). "And look at us now". Ja ja...

Juan le Pins er ein hyggelig liten plass. Det finns fine små restaurantar og koselige kafear her og. Siden vi har så fint hus i år,
foreslår eg at me et gode lunchar ute og små tapas-aktige-kose-snadder-prate-den djupe samtalen-måltid på vår eigen terrasse. Me kan eta på Rubin Bleu, på ei kneipe i Juan le Pins, I Antibes eller på vegen. Men eg bestemmer ikkje. I dag er ansvaret overlatt til desse to frøkenane:
Sjefane for dagen og maten: Lingen og Anne Britt

Tirsdag 20.09
Kjære vene. Me bur i den finaste landsbyen på Cote D`azur. I dag skal me vera her. Jorunn bidrar med yoga-kurs for dei som vil. På stranda i Antibes. Kroppen skal rensas. Champagnen må ut... før den fylles opp med ny. Så hiv deg med. Eg lovar det blir rooooolig.

I Antibes er det marked. Det er butikkar. Det er kafeliv. Det er yachter. Det er kunst. Stort sett det du måtte ønske deg. Og eit eldorado av små restaurantar. Sein lunch igjen folkens? Elephant Bleu? Kinaen? Den indiske? Kylling på stranda? Eller noko heilt anna. Surprise us. Uansett blir det bra. Og raude boka skal fram. No blir det latter og "bretting og crunching". Og her kjem desse to på bana:
Diretørane for det hele - iallefall dagen og maten: Anette og Svanaug

Onsdag 21.09
No er Turid og Elin på veg. Og gu kor me gler oss. Detta blir stas. Big Brother huset fylles opp. He he he...Men ikkje fortvil. Det blir litt aktivitet først. For den som vil selvfølgelig. Ut og gå - igjen. I dag går me opp på Cap d`Antibes og ser på utsikten. Den pleie å væra nett ikkje verst. So går me heim og ventar på dei to snuppene som kjem med fly.


Velkomst med champagne og nogot attåt. Men de stoppa ikkje der. For i ettermiddag tek me taxi/ maxitaxi til Saint-Paul-de-Vence. (Me orka ikkje styra med buss)... Til den fantastiske resturanten som me alle hugsa. Der skal me sitta og glo utover lavendel-markene og middelhavet. Og so skal me ta livet med ro.
Lederne for dagen og maten: Jorunn og May Britt

Torsdag 22.09
Gooood, laaaaaang frokost i lag. We love it. Roooolig formiddag: i leiligheten, bada rett nedafor, rusla litt rundt i byen. Gjer nett ke du vil. Og litt utpå sånn i 13.00-tiden tek me toget til Villefrance-sur-mer. Der har me ikkje vore før (eller eg har, men...). Hallooo! Me må utvida horisonten vår. Det er rett forbi Nice. Ein nydelig liten plass. Det er her turistskipa stoppar. Nyt kafelivet, ta med deg boka di, legg deg på stranda.

Og dei som vil kan gå ein runde med Jorunn. Det er ein runde rundt kyststripa Saint-Jean-Cap-Ferrat. Me kan bada på vegen. Dei som ikje orkar eller har lyst, kosar seg i byen. De veit; eg må gå for å holda "lymfefoten" i gang. Streng beskjed frå fysioterapeuten...Når eg/ me har gått runden, kan me eta lang kvelds. Eller me kan ta toget heim att til huset. Det er det desse to som bestemmer:
Toppledarane for dagen og maten: Kari Anne og Elin

Fredag 23.09
Siste dagen skal me nyta i Antibes igjen. "Det er helg og halleluja", som Jon Hjørnevik skriv i diktboka si (har hatt mykje glede av den boka Anette!). Ønsker for siste dagen er velkomne. Eg tenkte at de har lyst til å spankulera litt rundt i området. Ta ein tur tilbake til Royal Beach? Spesielt hvis været er bra.

Eller ta ein runde til rundt Cap`en? Eller spasere bort til Biot stranda og plukke steinar? Eller rett og slett være i huset på terrassen. Desse to flotte damene
bestemmer dagen. Me andre er med. Og vi pleier ikkje vera vanskelige nåken av oss. Det er no nett det som er so fint :-). Og det er derfor eg e so glad i dikka.
Ansvar for dagen og maten: Turid og Anette

Lørdag 24.09
Det er heimreisedag, men ikkje fortvil. Me har huset heilt til søndag. So detta ordna seg. Flyet vårt går kl 18.00. Og no har me brukt opp alle pengane våre. Det er ikkje so løge. Me har jo levd i
sus og dus. No blir det buss til flyplassen. (Med mindre me har pengar igjen i felleskassa...).


Me reiser frå Antibes ca 14.30/ 15.00. Gooood tid. Orka ikkje stressa. Alle er einige om at "det har vore ein fin tur". Og det er berre (!) to år til neste gang.
Ansvar for dagen og maten: Elin og Lingen











søndag 26. juni 2016

Sicilia - endelig

Vi skal til "Gudfaren-land" i sommar - endelig! Familien Glum (oss altså) har farta overalt i verden: USA, Australia, Europa, Østen, Karibien og overalt, men aldri på Sicilia. Så no gler me oss skikkelig. Siste dag på ferien i fjor (på Kreta) hadde vi som vanlig avstemming om kor vi skulle dra neste sommar. Alle fire hadde Italia på topp-fire. Geir og eg var overraska (igjen!) over at begge dei voksne barna ville væra med i år igjen. Men som Markus sa; "Det er det som er høydepunktet i familien vår".




8.-13.juli: Første stopp er et lite surfe yoga-kite-sykkeltur-badested: Floripa Surf house på Via del Larice, 97014 Santa Maria del Focallo,Ispica RG. www.floripa.it/. Aktivitet er bra, og oppi hove mitt ser eg for meg ein slik sprek, smilande, aktiv, mediterande, fin familie på tur. Uten ein bekymring i verden. Vel...To rom er iallefall booka. So får me sjå... Det kan gå skikkelig gale.


 



13.-17.juli: Kristin, Elin og fleire tipsa meg om Taormina Visstnok ein typisk turistplass, men dog: eit av dei vakraste plassane på Sicilia, seier dei. Så etter mykje fram og tilbake og intensiv søk både her og der, fann eg fram til Hotel Lido Mediterranee på Via Nazionale 175. Heilt i sjøkanten. Så då ser eg selvfølgelig for meg at eg skal vakna grytidlig før dei andre, hiva på meg badedrakten og stupa uti. Så går eg opp, slenger på meg joggesko og treningstøy og spring 1 mil. Alt dette FØR frokost. Hi hi hi...


17.-19.juli: No må Geir på bana. Har overlatt desse to dagane til han. Det kan bli dyrt! (Forresten kjipt å alltid være festbremsen i familien, men nokon  må ha den rollen også desverre...)


19.-24.juli: Her  var det meiningen at me skulle til Scopello, San Vito lo Capo. "Men slik sku det ikkje bli", som Bjørn Eidsvåg syng i sangen. Me havna i i Tripani. 45 minutter unna. Fekk eit fantastisk flott hotel Hotel Tirreno i Via Enea 37, Pizzolungo. Men her er det noko mystisk, for hotellet var unaturlig og uvanlig billig. Kanskje det er gammalt? Ligg det in the middle of nowwhere? Eller må me betala ekstra når me kjem? Ikkje veit eg. Noko er det!


24.- 29. juli: Denne har eg også overlate til Geir. Så det blir vel noko dyre greier som sprenger budsjettet, tenkjer eg...


Veldig kjekt å ha reisegale venner også. Tusen takk Pål for gode tips:

Ragusa, syd-øst, litt inn i landet: flott gammel landsby med fantastisk beliggenhet. Har bare der på kvelden, og det var magisk stemning.

Cefalu, nordkysten, litt øst for Palermo: flott gammel fiskerlandsby med vakker beliggenhet.

Agrigento og Valle dei Templi, syd-kysten mot vest: en rekke gamle greske templer samlet på et ganske begrenset område.

Etna: dere MÅ opp på toppen. det er helt magisk, og ikke farlig. Flere måter å komme opp, enten til fots eller transport helt opp. 

Salina, øy i Liparene nord øst for Sicilia: vakkert, ro og god mat og drikke.

Høylandet: kom dere opp i åsene midt i landet, grønnere, friskere, vakrere. Eksempelvis fra sørkysten og via Corleone (mafiahovedstaden hvor «Gudfaren» stammer fra) over til Palermo

Og selvfølgelig Palermo. Tror Siracusa er flott også, men der har jeg ikke vært.
Me gledar oss skikkelig. Alle fire reiser. Og så blir Sara med også. Første kjæresten med på tur. Håpar ho ikkje blir skremt. Utruleg at desse ungane vil væra med i vaksen alder. Men det er no kjekt

fredag 5. februar 2016

Eg ville ikkje til Dubai...


...Men så overtalte Geir meg. Full av skepsis flaug eg ned. Langt var det heller ikkje. Og sammen med sheikar og fjørten ørten Burka-damer (som ikkje måtte vise passet sitt!), kom eg gjennom kontrollen. Inn i taxi på flyplassen, gjennom ein laaaang ørken. Sikkert ikkje ørken, men det opplevdes slik. Og så, der kom me inn i Dubai. Wow og wow og atter wow. For ein arkitektur. Heilt fantastisk (positivt meint altså). Eg var over meg av begeistring. Makan! Og der fekk eg bekrefta kvifor eg mislikar Bjørvika så sterkt: Bjørvika go home... Det er det eg alltid har tenkt; kven blir over seg av begeistring over Bjørvika?! Hallo! Og då regnar eg ikkje med Operaen. Den er fantastisk. Men tilbake til poenget - og tipsa:


Friday brunch på Burj-al-arab. Aldri vært der, men har høyrt rykte om at det er høy partyfaktor og det passar jo ei 50 år gammel dame (he he he). Det må bestilles, men er skiiiitdyrt....

Skal du gå ut ein fredag kveld? Gå på Buddha Bar ifølge Geir (som visstnok har vore der fleire ganger)
Et og røyk vannpipe på Hyatt Yachtclub. Det har eg gjort. Nydelig plass ved Deira Creek (elv...Eller er det ikkje ei elv? Anar ikkje, men sjø var det iallefall). Eg syns det var ein super plass.

Og så MÅ du nyte solnedgangen på 360 degree bar. Det gjorde Geir og eg i lag. Ein unik plass med bar 360 grader (daaaah...). Her må du være tidlig ute. Ta golfbilen ut piren til denne unike plassen. Dette er eit must! Må du prioritere? Då må dette inn på lista di. 

Forresten; ta båttur med de små lokale båtene på Deira Creek (Dubai creek?). Ha ha ha...
Og bu gjerne på Sheraton Dubai Creek med vindu ut mot sjølve "creeken"

fredag 22. januar 2016

Granka (Gran Canaria) all by myself

Plutselig var eg her - på "Granka" som Markus på 21 seier... Bestilt for to veker sidan og no har det allerede gått ei veke. Vips. Aber pløtslich (litt prega av den tyske fysioterapeuten min?). And I just love it. Eg sat berre og gliste då eg for frå flyplassen til Puerto Rico. For ein varme. For eit lys. Og for ein energi eg fekk. Jadda...


Sidan eg er åleine får eg god tid til å lytta til folk (skandinavere) på stranda, restauranter og bussturar. Altså; Granka in short:


Mennene her ser ut som dei spelar i danseband alle sammen. Og kanskje det var det som var drømmen då dei var unge? Kem veit... Men er det noko gale med det då? Nei då, For nordmennen eeeeer så lykkelige her. 70-åringane leier og kyssar på kona (som har nylakka røde negler, gode sko, topp med glitter og yes - konesveis!). Damene (gjerne i god stand) vandrar rundt på dagen med store bryster i BH og korte bukser. Men dei er så lykkelige! Dei går så lett på fot frå Puerto Rico til Amadores og tilbake igjen. Dei stuper ut i havet med speedo-badedrakt og dei dansar rundt nede ved senteret søndag kl fire. Det ljomar i svensktoppar over heile dalen her. Og dei ler høgt. Gu kor dei ler. Eg har ikkje høyrt ein einaste krass tone blant pensjonistane på ei heil veke. Det må være lyset, sola, varmen og kosen. Eg syns det er kjekt! Å væra lykkelig er aldri feil.


Og det har gått opp for meg at eg likar gamle folk. Eg likar dei faktisk bedre enn unge "leppejenter" og kleine vestkant gutar. Dei gamle har ei historie å fortelle. Alle som ein. Ei historie dei gjerne fortel hvis du spør. Det er det som er så fascinerande. Sjølvom eg desidert trekker ned gjennomsnittsalderen, så tenkte eg at no skal eg hive meg med. Eg skal væra med på busstur, eg skal melde meg på fellesmiddag og eg skal væra nysgjerrig (litt prega av å ha sett Wenche Myhre på TV akkurat. Bra dame! Men nok om det). Fellesmiddagen (gjennomsnittsalder 70-80?) var fantastisk. Der var det tidligare direktørar frå Oslo, bønder frå Sogn, lærarar frå Møre og psykiatere fra Nord). Ei hærlig røre av folk. Og so eg då... Dei spytta ikkje i glaset: vin, likør, latter og morro. Og den som gjekk og la seg som ei av dei første..Det var eg. Kvifor er tiden vi lever i så besatte av dei aller yngste? Eg fattar det ikkje. Så læringen er: Vær nysgjerrig. Snakke med dei eldre!


Vel, Puerto Rico er jo ein elsk-hat plass. Eg har høyrt (frå min unge sønn på 21) at senteret våknar til liv på natta. Men ikkje til det bedre!! Han ga grei beskjed om at der skulle mor (eg altså) ikke bevega meg! Ingen fare Markus...


Det finns to typar folk her nede: 1) dei som går med raske lette steg oppe på fjellet - gjerne til Norskeplassen og 2) dei som startar dagen nede i dalen gjerne med ei øl i handa. Så kan ein jo bestemme seg for kven ein vil væra når ein blir 75. Det er berre det at av og til må dei oppå fjellet ned i dalen også... Ellers blir det kjedelig...


Granka og Puerto Rico; eg kjem tilbake. Eg oppdaga plutselig at eg er lykkelig her eg og. Eg har fleire lykkelige "microøyeblikk" per dag. Det må væra sola, havet, sjøen og lyset. Neste gang skal eg bu på ein av desse plassane: Punte del Rey, Maracai, Marina Suites, Marina Bay View, Revoli. For no har eg sjekka sola, solnedgangen, terrassane, bassenget og "livet". Eg er ein "Granka-kjennar" :-). God tur!





torsdag 26. november 2015

Det begynner å bli ein vane detta her...

No er det tredje året på rad eg reiser til London i desember. Skulle tru London er blitt min favorittby. Not..Jo da. Litt so. Men nei då... Det er Paris som står høgast på lista. Inegn under. Ingen ved siden av. Men altså - no er det London igjen. Så langt er planen denne:



Radisson SAS Blu Edwardian: Beliggehet, beliggenhet, beliggenhet. Ja da. Høyrt det før. Men i London (som i Paris) er det alfa og omega. Ikkje eit minutt å miste. Og nå har eg budd både her og der. Og funne ut at dette området er det beste. 9-13 Bloomsbury Street



Content Marketing Summit: Ja da. Vi skal på konferanse. Dette er ein av dei mest matnyttige konferansane eg har deltatt på dei siste åra. Ikkje for stort. Ikkje for lite. Kanongode forelesarar og nyttig input. Gledar meg skikkelig


Handling: Julegaver til Susanne, Hilde, Therese, Linda, Kaja. Adidas til Katarina.



Momo restaurant: Eg har vore på mange gode restaurantar i London, men Momo vender eg alltid tilbake til. Ikkje nok med at maten er god, musikken gjer deg i godt i humør og klientellet består av all verden slags folk. Og av og til dansar me mellom borda. Det hender faktisk. Men hold deg unna vannpipene. Det blir ein dyr affære... 25 Heddon St


Maison Assouline: Nytt av året er denne bokbutikken. Ser fantastisk ut. Og har selvfølgelig fransk vertskap. Love it.  www.assouline.com/london-piccadilly 196A Picadilly, Saint James 

Bulgari Bar: Geir, ka du seie.. Skal me tilbake hit? Ja. det syns eg. Her kosa me oss skikkelig sist gang vi var i London :-). Ein liten 
svipptur innom blir det nok.171 Knightsbridge

Hogan: Jadda. Voksen nå. Må ha gode sko. Og her finn eg dei. Har kjøpt eit par i Roma, eit i Paris og no eit i London.



lørdag 10. oktober 2015

Kloster i Chania

Om du skal til Chania, må du bo på dette fantastiske gamle klosteret i Chania hvor vi bodde i sommer. De ansatte var utrolig hjelpsomme og imøtekommende. Hotellet var vår base for fjellturen i Samaria Gorge. Stedet er intimt og lite, men er perfekt for en familie på fire. Skal du til Chania, er dette stedet å bo. Men ps. hold deg unna Chania midt i turistsesongen...
http://monasteryhotel.gr/

fredag 26. juni 2015

På vei fra Milano til Toscana


Agriturismo Villa Pallavicini: Plutselig er det ferie igjen. Eller egentlig ikkje så plutselig, for eg har venta i eit år på ny ferie faktisk. I år blir det Hellas, men tankane går til Italia og Frankrike.

Må innrømme det. I fjor for vi av gårde til Milano og stopåpa som vanlig i Serravalle der Markus og Geir handla som gale på outlet og bilen blei full allerede på vei nedover før ferien var i gang. Ja ja.

Denne vingården kan eg anbefale på det sterkeste. Vertskapet er fantastiske, romma sjarmerande (alle dei vi har budd på er forskjellige), maten god og vinen ekstra god.

tirsdag 2. desember 2014

Go yachting, heter det visst...

Neste jul blir skal vi vurdere å "go yachting" i Karibien. Det er heilt sikkert. Dette er mer i min gate. Heller det enn hytte uten strøm, vann og kulde. Og jammen trur eg at eg får med meg Geir på dette også. Det er nok meir i hans gate også. Heldigvis. Så det så. Neste jul; let`s go yachting :-)
http://www.seadream.com/voyages/search/regions:3/years:2015/months:12

søndag 26. oktober 2014

Ei helg i London med Geir

Roen har senka seg i søndagsstova. Geir ser på engelsk fotball og eg legg planar for neste helg. For då skal me til London igjen. Trur det er 15 år sidan me var der sist i lag. Den gang sovna vi på musical, drakk champagnelunch med han roboten i Star Wars, rusla rundt på markeder og jogga i parken. Det treng me ikkje gjera denne gangen. Eller?. Hotell Radisson Blue Edwardian Grafton på 130 Tottenham Court Road er booka og restaurantene ventar:
Fredag 31.10: Notting Hill. Busstur (turist altså). Afternoon tea på Milestone Hotel kl. 15.00 i Kensington Court 1. Momo restaurant kl 19.30 i 25 Heddon Street.
Lørdag 01.11: Dagen er erklært shoppingfri. Men markedet i Camden lurer...Så vi får sjå korleis det går. Restaurant Spice Market kl. 20.00 på 10 Wardour Street på Picadilly.
Søndag 02.11: Restaurant Jamies`s Italian i Covent Garden kl. 17.30. Det blir bra. Der var eg sist gang også.

onsdag 1. oktober 2014

Ja da...Yoga i India

På besøk hos Anette med et glass vin innabors, fant Børge, Anette, Ingela og eg ut at me vil til India alle sammen. På yogaferie. Eg trudde eg var aleine om å ønske det, men den gang ei.

Så derfor; nå startar planlegginga. Børge fekk tips fra Denise som hadde vært der. Eg fekk tips fra Tine som hadde vært der. Og vips har vi nokre alternativ på blokka. Og Geir vil være med. Då eg fortalte han om planane, fann han ut at dette var noko for han! Foreløbig har vi følgande tips. Nå gjeld det å finne riktig tid...

- Purple Valley Yoga i Goa: www.yogagoa.com/. Ligger ikke helt på stranden. Har overnatting
- Yoga Bones i Goa: www.yogabones.org/. Ligger på stranden. Mulig vi må ordne overnatting selv
- Sivasoorya: www.sivasoorya.org. Ligger i Kerala. Kurs og overnatting