onsdag 5. september 2018

Har me fortjent det? Oh yesss

Juhhuuuuu...Da er det ny tur, og gu kor eg gler meg! Det blir ein fryd å sjå dykk igjen. I år blir vi kun 8 personer. Tenker det blir fint eg. Vågar ikkje invitera med "utaforståande" lenger. He he...Og jammen e programmet på plass også. Plan A altså. Som vanlig ein plan A med plan B hvis me vil noko anna. Eg lova dykk "something old, something new, something borrowed, something blue". Men "nei", eg skal ikkje gifta meg. Så er det fastslått. Og her er programmet:

Søndag 16.09 (og jammen e da to som har geburtsdag): Møtes på Gardermoen til ukristelig tid. Klokka 06.30 på Fjøla inne ved taxfree. Altså etter at du har sjekka inn. Og der tek me eit glass bobler for å feira bursdagsbarna. Vi lander 11.00 og då tek me to taxiar hæ? Med fire i kvar taxi blir det ikkje så mykje. Og...me kjem heilt fra til døra kjapt! Me handlar inn litt til leiligheten (Jorunn og Kari Anne) og så går me rett bort på stranda på Royal Beach (eller var det Bitch?) og badar. Eller tusler rundt i byen. Ansvar for middagen: Elin og Lingen bestemmer

Mandag 17.09: Raise and shine. Det er morgen og frokost. Og livet lyser. Iallefall litt. Lang frokost på terrassen for me må samle krefter til dei tøffe dagane som kjem. Er etterspørselen stor, kan det bli yoga på stranda og bading etter frokost. Men må ikkje tru du får slappa av så altfor lenge. I dag blir det enten 1) kappgang rundt Cap (kapp) d`Antibes eller 2) det lille toget, Uansett ender vi opp i Juan le Pins. Ta med badetøy og håndkle. Vi legg oss på Rubin Bleu og solar oss. Så blir det litt shopping for dei som vil. Frokost og middag: Anne Brit og Anette

Tirsdag 18.09: Jepp. I år blir det reunite med Monaco. Håpar du Anne Britt blir glad no...(?). Først bading og yoga på stranda. Så tek me toget til Monaco, ruslar rundt nede i by`n først. Kari Anne har besøkt ein spennande bruktbutikk som vi må sjekke ut først som sist. Og vil du spela på Casino, så kan me det også. Stort sett berre einarma banditter, trur eg... Etterkvart går me opp i gamlebyen og besøker prins Albert (eller ikkje). Frokost og middag: May Britt og Jorunn 

Onsdag 19.09:  Og her er something new altså... Me skal på båttur (!!). Katamaran antageligvis. Og me skal altså ut på Iles Margerite og Les Corniche Rouge. Det er området rundt Cannes. Vi har dessverre ikkje båten for oss sjølv. Dyrt, dyrt, dyrt...Men me skal sørge for at dei andre opplever at det er vi som har leigd den. Nei da... Båten er ikkje bekrefta, men det ser ut til å gå i orden. Det kostar cirka 500,- per pers. Og vi drar frå Juan le Pins kl 10.15.og er tilbake 17.20. Frokost og middag: Lykke og Kari Anne

Torsdag 20.09: Puuuh. Me må slappa av i dag. Men det blir yoga på morgenen. Me vandrar rundt i Antibes, sit på terrassen, går ned og bader på stranda, les bok, skravlar, besøker Picasso-museet og held på. For det er mykje kjekt å sjå her også. Sist kjøpte Anne Brit ein okse (!). Tenk det. Vil vi ha solsenger, så går vi til Royal Beach igjen. Frokost og middag: Elin og Anne Brit

Fredag 21.09: Fortsatt utferdstrang og lyst til å gjera noko nytt? Me har aldri vore i Villefrance-sur-mer. Der er det vakkert. Nesten som Balestrand. Bratte bakker, flott sjø, turar og koselige små kafeer ned ved havna. Dette er "Postkort-Rivieraen". Litt åpen dag, men me "teke da som da kjemme". Not. Vel, me blir einige. Har du ynskjer? Kom med dei, så blir det så bra. Frokost og middag: Lingen og Anette

Lørdag 22.09: Yoga først på stranda. Har me blitt bedre etter desse dagane? ("Nei, det er ikkje meg på bildet!"). Eg har uansett nytt program til oss. Sukk. Siste dag som me må utnytta til det fulle i Antibes. Gå til toppen, ta turen til Juan le Pins, samle runde steinar på stranda ("har det klikka for ho no?) Foreslår lang lunch denne dagen. Flyet går ikkje før cirka 21.00. Me tek 2 taxiar til flyplassen. Lang lunch: May Britt og Lykke bestemmer

Til slutt: fortvil ikkje. Det er berre to år til neste gang :-O.. Og eg gledar meg allerede til å samla desse fantastiske, fine, fjonge, fabelaktige, fryktsomme damene igjen! Love you