fredag 22. januar 2016

Granka (Gran Canaria) all by myself

Plutselig var eg her - på "Granka" som Markus på 21 seier... Bestilt for to veker sidan og no har det allerede gått ei veke. Vips. Aber pløtslich (litt prega av den tyske fysioterapeuten min?). And I just love it. Eg sat berre og gliste då eg for frå flyplassen til Puerto Rico. For ein varme. For eit lys. Og for ein energi eg fekk. Jadda...


Sidan eg er åleine får eg god tid til å lytta til folk (skandinavere) på stranda, restauranter og bussturar. Altså; Granka in short:


Mennene her ser ut som dei spelar i danseband alle sammen. Og kanskje det var det som var drømmen då dei var unge? Kem veit... Men er det noko gale med det då? Nei då, For nordmennen eeeeer så lykkelige her. 70-åringane leier og kyssar på kona (som har nylakka røde negler, gode sko, topp med glitter og yes - konesveis!). Damene (gjerne i god stand) vandrar rundt på dagen med store bryster i BH og korte bukser. Men dei er så lykkelige! Dei går så lett på fot frå Puerto Rico til Amadores og tilbake igjen. Dei stuper ut i havet med speedo-badedrakt og dei dansar rundt nede ved senteret søndag kl fire. Det ljomar i svensktoppar over heile dalen her. Og dei ler høgt. Gu kor dei ler. Eg har ikkje høyrt ein einaste krass tone blant pensjonistane på ei heil veke. Det må være lyset, sola, varmen og kosen. Eg syns det er kjekt! Å væra lykkelig er aldri feil.


Og det har gått opp for meg at eg likar gamle folk. Eg likar dei faktisk bedre enn unge "leppejenter" og kleine vestkant gutar. Dei gamle har ei historie å fortelle. Alle som ein. Ei historie dei gjerne fortel hvis du spør. Det er det som er så fascinerande. Sjølvom eg desidert trekker ned gjennomsnittsalderen, så tenkte eg at no skal eg hive meg med. Eg skal væra med på busstur, eg skal melde meg på fellesmiddag og eg skal væra nysgjerrig (litt prega av å ha sett Wenche Myhre på TV akkurat. Bra dame! Men nok om det). Fellesmiddagen (gjennomsnittsalder 70-80?) var fantastisk. Der var det tidligare direktørar frå Oslo, bønder frå Sogn, lærarar frå Møre og psykiatere fra Nord). Ei hærlig røre av folk. Og so eg då... Dei spytta ikkje i glaset: vin, likør, latter og morro. Og den som gjekk og la seg som ei av dei første..Det var eg. Kvifor er tiden vi lever i så besatte av dei aller yngste? Eg fattar det ikkje. Så læringen er: Vær nysgjerrig. Snakke med dei eldre!


Vel, Puerto Rico er jo ein elsk-hat plass. Eg har høyrt (frå min unge sønn på 21) at senteret våknar til liv på natta. Men ikkje til det bedre!! Han ga grei beskjed om at der skulle mor (eg altså) ikke bevega meg! Ingen fare Markus...


Det finns to typar folk her nede: 1) dei som går med raske lette steg oppe på fjellet - gjerne til Norskeplassen og 2) dei som startar dagen nede i dalen gjerne med ei øl i handa. Så kan ein jo bestemme seg for kven ein vil væra når ein blir 75. Det er berre det at av og til må dei oppå fjellet ned i dalen også... Ellers blir det kjedelig...


Granka og Puerto Rico; eg kjem tilbake. Eg oppdaga plutselig at eg er lykkelig her eg og. Eg har fleire lykkelige "microøyeblikk" per dag. Det må væra sola, havet, sjøen og lyset. Neste gang skal eg bu på ein av desse plassane: Punte del Rey, Maracai, Marina Suites, Marina Bay View, Revoli. For no har eg sjekka sola, solnedgangen, terrassane, bassenget og "livet". Eg er ein "Granka-kjennar" :-). God tur!