fredag 6. august 2010

Oddvar Torsheim er ekte vestlandshumor

Skjønnar du ikkje bileta eller sangane til Oddvar Torsheim, er det stor sjanse for at du ikkje er frå Vestlandet (eller har aner derfrå). Hans tolkning av "Brudeferden i Hardanger" er suveren. Det er også høg humor-faktor i CDen "Tur-retur blues". Spesielt kjenner dei fleste seg att i sangen "Galningen", om det å være annerleis i ei lita bygd. Det skal ikkje mykje til å skille seg ut. Så; er du Vestlending og litt tung til sinns ein dag (Det hender jo. Me vekslar jo gjerne mellom høgt humør og bunnlaus dårleg samvittigheit. Trur det er fordi me er oppvaksne med bedehuset på eine sida av vegen og ungdomshuset på den andre...) Men altso, er tungsinnet der som tunge skyer nedover fjellsida, så set på CDen og ta deg ein dans i stova.