tirsdag 20. august 2013

Jammen var Roma like fint som Paris...

"Roma er faktisk finare enn Paris", sa Geir då han kom heim derfra. Eg trudde ikkje på han. Etter eit langt opphold i Paris og som frankofil på tjuende året, var eg sikker på at ingen by slår Paris i sjarm, arkitektur og stemning.

Så reiste Geir og eg til Roma for å feira hans førti årsdag. Og jammen måtte eg innrømma at Roma faktisk er finare (iallefall like fin) som Paris. Frå første minutt når me vandra rundt i byen, var eg frelst. Derfor har det blitt fleire Roma-besøk.

Den siste turen i lag med Ingeborg, mamma og Svanaug var særdeles vellykka. Og då fann me drømmehotellet også. Fantastisk beliggenhet, suveren takterrasse, nydelig service og sjarmerande rom. Hotel Campo di Fiori. www.hotelcampodefiori.com/. God tur! PS. Dette hotellet skal også være flott http://www.hotelpontesisto.it