fredag 9. september 2016

Det er sjette året på tur :-O

Det starta då eg blei 40 år. Då kjende eg veeeldig godt etter: kva vil eg gjera på 40-årsdagen min? Og slik enda ti fantastisk gode veninner opp i eit urgammalt hus i gamlebyen i Antibes. Etter ei veke i lag hugsa eg at me sat på terrassen og undra: "Må dette ta slutt?". Og då var det ei glup ei blant oss som sa:"Kan me ikkje gjera detta jevnlig?".Og no er det altså sjette gangen me fer av gårde. Nok mimring. Over til konkrete planar. For planar er viktig. Særlig Plan A (me kjem som regel ikkje lenger enn til A). Så her er plan A for det gyldne året 2016:



Søndag 18.09: 
Me lærer aldri. Avreise kl 07.20. Seriøøøøst. Me må væra på flyplassen kl 05.20. Eg må reisa heimefrå 04.30. Kem e da som e oppe so tidligt? "Det er dei som bygger landet", sa Erlend Loe i ei av bøkene sine. Javel, eg er definitivt ikkje ei av dei som bygger landet. For eg er sjelden oppe so tidligt!

Eg regnar med me kjem oss vel gjennom passkontrollen. Og då er Taxfree next. Oppfordring: kjøp 1 flaske champagne med deg på tur. PS. Me veit det blir mykje champagne... Og då slepp me drassa rundt på koffert til butikken når me kjem fram. Møtes på kafeen rett "i bakken" ned frå taxfree-en. Så flyr me av gårde inn i soloppgangen. Me landar ca 10.20 og tek bussen eller taxi til Antibes (me er blitt litt rikare og litt latare no enn før).

Så er det rett inn i leiligheten og fordeling av rom. Og standarden går oppover med åra. I år er det "premier ligne" (første linje) dvs. heilt i sjøkanten. Eige hus. Tre etasjer. To terrasser. Ein hage. You name it. Vi har det. Me har fire senger i 1. etasje i eit stort soverom. Så har me to soverom med to dobbeltsenger i 2. etasje. Og på toppen er det ein sofa. Enkelt og greit; det blir loddtrekning.

Me rigga oss til og om sola skin (og det gjer ho som regel), så ruslar me bort til Royal Beach. Her blir det bading, soling, prating, lesing (det spørs?...). Me et ein sein lunch/ middag her.
I kveldinga går vi innom butikken på veg heim til huset før me avluttar på terrassen i solnedgangen.
Ansvar for dagen og maten: Jorunn og May Britt

Mandag 19.09
Ut og gå. På med gode sko og gode klær. Her skal vi på tur. Men ikkje so langt. Runde rundt Cap d`Antibes på veg til Juan le Pins. Eller for dei som ikkje vil: straka vegen til Juan le Pins. Og Rubin Bleu. Solsenger, shopping og relax. PS. Det var her me møtte dei "gamle" damene på 50 år den gangen vi var 40 år (!). "And look at us now". Ja ja...

Juan le Pins er ein hyggelig liten plass. Det finns fine små restaurantar og koselige kafear her og. Siden vi har så fint hus i år,
foreslår eg at me et gode lunchar ute og små tapas-aktige-kose-snadder-prate-den djupe samtalen-måltid på vår eigen terrasse. Me kan eta på Rubin Bleu, på ei kneipe i Juan le Pins, I Antibes eller på vegen. Men eg bestemmer ikkje. I dag er ansvaret overlatt til desse to frøkenane:
Sjefane for dagen og maten: Lingen og Anne Britt

Tirsdag 20.09
Kjære vene. Me bur i den finaste landsbyen på Cote D`azur. I dag skal me vera her. Jorunn bidrar med yoga-kurs for dei som vil. På stranda i Antibes. Kroppen skal rensas. Champagnen må ut... før den fylles opp med ny. Så hiv deg med. Eg lovar det blir rooooolig.

I Antibes er det marked. Det er butikkar. Det er kafeliv. Det er yachter. Det er kunst. Stort sett det du måtte ønske deg. Og eit eldorado av små restaurantar. Sein lunch igjen folkens? Elephant Bleu? Kinaen? Den indiske? Kylling på stranda? Eller noko heilt anna. Surprise us. Uansett blir det bra. Og raude boka skal fram. No blir det latter og "bretting og crunching". Og her kjem desse to på bana:
Diretørane for det hele - iallefall dagen og maten: Anette og Svanaug

Onsdag 21.09
No er Turid og Elin på veg. Og gu kor me gler oss. Detta blir stas. Big Brother huset fylles opp. He he he...Men ikkje fortvil. Det blir litt aktivitet først. For den som vil selvfølgelig. Ut og gå - igjen. I dag går me opp på Cap d`Antibes og ser på utsikten. Den pleie å væra nett ikkje verst. So går me heim og ventar på dei to snuppene som kjem med fly.


Velkomst med champagne og nogot attåt. Men de stoppa ikkje der. For i ettermiddag tek me taxi/ maxitaxi til Saint-Paul-de-Vence. (Me orka ikkje styra med buss)... Til den fantastiske resturanten som me alle hugsa. Der skal me sitta og glo utover lavendel-markene og middelhavet. Og so skal me ta livet med ro.
Lederne for dagen og maten: Jorunn og May Britt

Torsdag 22.09
Gooood, laaaaaang frokost i lag. We love it. Roooolig formiddag: i leiligheten, bada rett nedafor, rusla litt rundt i byen. Gjer nett ke du vil. Og litt utpå sånn i 13.00-tiden tek me toget til Villefrance-sur-mer. Der har me ikkje vore før (eller eg har, men...). Hallooo! Me må utvida horisonten vår. Det er rett forbi Nice. Ein nydelig liten plass. Det er her turistskipa stoppar. Nyt kafelivet, ta med deg boka di, legg deg på stranda.

Og dei som vil kan gå ein runde med Jorunn. Det er ein runde rundt kyststripa Saint-Jean-Cap-Ferrat. Me kan bada på vegen. Dei som ikje orkar eller har lyst, kosar seg i byen. De veit; eg må gå for å holda "lymfefoten" i gang. Streng beskjed frå fysioterapeuten...Når eg/ me har gått runden, kan me eta lang kvelds. Eller me kan ta toget heim att til huset. Det er det desse to som bestemmer:
Toppledarane for dagen og maten: Kari Anne og Elin

Fredag 23.09
Siste dagen skal me nyta i Antibes igjen. "Det er helg og halleluja", som Jon Hjørnevik skriv i diktboka si (har hatt mykje glede av den boka Anette!). Ønsker for siste dagen er velkomne. Eg tenkte at de har lyst til å spankulera litt rundt i området. Ta ein tur tilbake til Royal Beach? Spesielt hvis været er bra.

Eller ta ein runde til rundt Cap`en? Eller spasere bort til Biot stranda og plukke steinar? Eller rett og slett være i huset på terrassen. Desse to flotte damene
bestemmer dagen. Me andre er med. Og vi pleier ikkje vera vanskelige nåken av oss. Det er no nett det som er so fint :-). Og det er derfor eg e so glad i dikka.
Ansvar for dagen og maten: Turid og Anette

Lørdag 24.09
Det er heimreisedag, men ikkje fortvil. Me har huset heilt til søndag. So detta ordna seg. Flyet vårt går kl 18.00. Og no har me brukt opp alle pengane våre. Det er ikkje so løge. Me har jo levd i
sus og dus. No blir det buss til flyplassen. (Med mindre me har pengar igjen i felleskassa...).


Me reiser frå Antibes ca 14.30/ 15.00. Gooood tid. Orka ikkje stressa. Alle er einige om at "det har vore ein fin tur". Og det er berre (!) to år til neste gang.
Ansvar for dagen og maten: Elin og Lingen