søndag 2. oktober 2022

Turen over alle turer - Tour de Mont Blanc

 Vi hadde trent for lite. Vi hadde ikkje trent  med sekk (før siste månaden). Men vi hadde prata mykje om utstyr, klær, vær og vind. Vi? Det er Venke, Turid, Pia og eg. 

Men september 2022 kom. Og den 8. sto me spente og litt nervøse ved innsjekkingen hjå Finnair. Med sekkane på ryggen (tok ikkje sjensen på å mista inngåtte fjellsko og viktige klær på veg ned). Sissel, guiden vår, hadde trua. Så då var me litt optimistiske vi og. Vi rakk så vidt transit i Helsinki... Vi landa trygt etter mykje sirkling i ring over Geneve på grunn av p"tecnical problems". Bagasjen kom og vi måtta roa oss med litt vin før me tok shuttle bussen videre til Chamonix.

Dag1: Shuttlebussen til Chamonix fra Geneve tok oss til Boutique Hotel Morgane. Vi var glade. Men det venta ei lang natt. Venke og eg måtte pakka opp og pakka ned. Pakka opp og pakka ned. Eg gjekk gjennom toalettsakene henna med hard hånd! "det veier så lite", så ho. Men "nei"; all vekt teller. Me sovna cirka 02.00 ...Fremdeles usikre på om me hadde for tung sekk

Dag 2: Rise and shine. Og sola skein i Chamonix. Frå terrassen såg me mektige Mont Blanc. Etter frokost kom Caroline (veninne av Sissel). Ho køyrde oss til start i Domaine du Tour. Vi var så klare at gondolen ikkje hadde åpna enda (kl 08.00). Men opp for vi etterkvart. I strålande vær. På toppen starta Sissel i ein forrykande fart. "Var dette rolig tempo?", lurte vi på. Men det viste seg at vi trengte tida. Vi skulle nå chaleet Nant Bourant (i Frankrike heiter det chale og ikkje hytte). Og det var laaaangt å gå. Kom fram 17.45. Parkerte fjellsko og staver i kjellaren, feira med Gammel dansk (Takk Turid for at du overbeviste oss om å ta den med) og fann rommet vi skulle dele med 4 damer fra Seattle. 

Dag 3: Etter litt dårlig søvnkvalitet og mykje ulyd frå sengekameratane, var vi oppe og klare for neste etappe kl 07.30. Tøff oppover. Passert av ein dansk muggen kar som hadde hengt buksa si på tørk utanpå sekken sin (dårlig mage?). Vel, vi spekulerte litt i det på vegen opp til Col de Bonhomme ca 2400 moh. Nydelig vær cder vi gjelk opp og ned. Og opp og ned igjen. Var framme i chaleet La Nova cirka 16.30. Venke sliten etter oppoverbakkane. Eg sliten etter nedoverbakkane. Men jammen blei det litt "nubbe" i dag igjen gitt. Maten smaka godt. Vi et det vi får. For vi får ikkje noko anna. To amerikanske ungjenter var vegerarianere, men ombestemte seg på turen. He he ... 

Dag 4: Som vanlig klare kl 07.30. Nye rutiner er på plass: eit glass for å feire når vi kommer fram. Finn senga di. Rull ut lakenposen. Finn fellesdusjen og dusj raskt! Et det du får der du blir plassert. Finn fram hodelykta og silikon-øyreproppane. Legg deg kl 20.30. I La Nova delte vi rom med ein snorkande Brasilianer og hans nydelige kone. Men tilbake til start: oppover 6 km frå La Nova. Forbi patruljerande fjellvoktere som hadde observert ulv (!) på veien. Men vi kom oss til Col de Seigne ca 2400 moh. Vondt i tærne nedover og nedover. Men blei glad då vi luncha på Elisabetta. Så av gårde til juhuuuu ... Courmayeur ... For ein nydelig liten by! Og her hadde vi kosta på oss luksus: Hotel Gran Baita. Og Chris kom med den mykje omtala "posen" vår: reine klær. 

Dag 5: "Drømme-etappen" for ei fjellgeit frå Vestlandet. For ein etappe. Eg har ikkje ord. Gjennom skog, opp til knausar med nydelig utsikt, lunch på chalet i bakken, bortover fjellsidene i "Sound of music" magi, forbi kyr som sperra vegen, bading i elva og til slutt opp til favorittplassen chalet Bonatti. Og vi er nå i Italia. Makan til utsikt. Makan til uteplass. Og makan til majestetisk natur. Når det mørkna såg vi lyset frå klatrarane som hang i passet på andre sida av dalen. Framme ca 15.30: relativt grei etappe i dag. Rommet delte vi med James journalist frå London. På kvelden sang vi "Halleluja" med vår nye venner frå Israel. Men i seng kl 20.30

Dag 6:Vi skal frå Italia til Sveits. Først går vi til Elena der vi et ein toast. Opp til Col de Ferret ca 2300 moh. Som vanlig går vi opp til ein "col", så ned. Så opp igjen til ein ny "col". Vi går ein halvmaraton kvar dag. Via Refuge de Poulet og framme i La Fouly på Edelweiss pensjonat ca 17.30. Vi fekk loftet for oss sjølve og var i grunn glade for det. Venke sovna før ho la hovudet på puta :-O. Og regnet kom.

Dag 7: "Den grusomme dagen". Opp 06.30 (som vanlig). Ned til frokost. Pakke opp posar. Og pakke ned posar. Fram med ponchoen frå Normal. På med goretexen. Og på med smilet. Vi er forberedt. Endelig får vi valuta for nyinnkjøpte klær, hansker og luer. Gikk til Champex lac (Sveits). Gledet oss til lunch i oppoverbakkene, men "nei da"; der var det stengt. Vi måtet ty til nøttene og sjokoladen (som vi forøvrig blei ganske så leie av). Null lunch i dag. Døypte eine bakken til "Venke-bakken". Det regna og det blåste. Dette var den lengste dagen. Via Col de Forclaz. Rakk akkurat Auberge de Mont Blanc i landsbyen Trient. Flashback til backpacker-tiden. For dette var ungdommenes sted. Men vi tok fram "nubben" og lot oss ikkje merke av det. Heilt til vi blei plassert sammen med to ugjestmilde og uoppdragne ungjenter fra California. Som ødela geburtsdagsfeiringen til Sissel. Og som gjorde nattesøvnen urolig ...

Dag 8: Kom oss fort av gårde. Vi ville komme oss vekk. Ferden gikk til Col de Baume. Der drakk vi varm sjokolade med krem. Nyyydelig. Gikk via Col de Passet og ned til Tres les Champ og Auberge de la Boerne. Fantastisk. Vi er i Frankrike igjen og får den beste maten på heile turen :-). To lange nederlendere holdt oss med selskap og følget frå Israel dukka også opp. Dei to jentene fra California dukka også opp (dessverre), så vi forlot den altfor-trange-hytta og vandra videre i mørket med hodelyktene på. Til Vicky`s chalet.

Dag 9: Vi hadde sove godt her i Argentier (?)! og siste etappe låg framfor oss. Veldig kort etappe. Ned til Chamonix igjen. Forbi chaleet som Sissel hadde bodd i og nedover flotte siar ved elva. Eg veit ikkje om det var fodi vi nå var mentalt klare for å komme fram, men den "korte" etappen virka jammen lang! Men omsider kom til tilbake til hotellet vårt i Chamonix. På ein nydelig italiensk restaurant feira vi endelig Sissel sin geburtsdag. Med taler og gode samtaler. Litt vemodieg over at eventyret var over. Trudde vi ...

Dag 10: Opp tidlig, ut på marked. Ost, skinker og pølser. Og gaver til hjemlandet. Den fine dagen blei berre avbrutt av knivstikking, politi, ambulanse og "røre" på hotellet vårt. Vi var ikkej involvert. Men det var personen på naborommet vårt. Han fekk hard medfart og vi veit ikkje om han overlevde. Drama og uro i gruppa, naturleg nok. Oppi alt kansellerte flyselskapet returen vår neste dag. Vi dro, men overnatte på Schiphol. Ikkje å anbefala! Men kort oppsummert var vi alle einige om at det hadde vore ein fin tur. Turen over alle turar! Dolomittane neste? Tips taes imot med takk :-)