Eg elskar å reise. Gjerne langt langt vekk. Gjerne til eksotiske stader. Men ofte lengtar eg også heim. Heim til Sogn med fjord og fjell. Med regn og sol. Med stille vegar og vill natur. Til det tomme sentrum om vinteren. Og til eit sentrum fullt av turistar om sommaren. Det er noko spesielt med Balestrand og Fjærland. Du får meir tid til å tenke dei store tankane. Vil du reisa? Bu på den gamle delen av Kvikne i Balestrand. Ta deg ein tur på Raumelen (fjella bak sentrum). Ta båten til Fjærland og bu på Mundal hotel. Leig deg ein sykkel og ta turen innover dalen. Gå opp fjellet til Flatbrehytta som ligg ved Jostedalsbreen. Sjå utover heile Sognefjorden! FantastiskPå reiser, i møte med folk og på stader som tek pusten frå meg, kjem ofte dei store tankane fram. Kloke ord, flotte framstillingar og gode historiar får større plass. Kort sagt - det som gir inspirasjon. Sidan mange ofte spør meg om tips til reisemål, var det like greit å samle tipsa mine her. Enjoy ;-)
tirsdag 10. januar 2012
Når eg lengtar heim til fjord og fjell
Eg elskar å reise. Gjerne langt langt vekk. Gjerne til eksotiske stader. Men ofte lengtar eg også heim. Heim til Sogn med fjord og fjell. Med regn og sol. Med stille vegar og vill natur. Til det tomme sentrum om vinteren. Og til eit sentrum fullt av turistar om sommaren. Det er noko spesielt med Balestrand og Fjærland. Du får meir tid til å tenke dei store tankane. Vil du reisa? Bu på den gamle delen av Kvikne i Balestrand. Ta deg ein tur på Raumelen (fjella bak sentrum). Ta båten til Fjærland og bu på Mundal hotel. Leig deg ein sykkel og ta turen innover dalen. Gå opp fjellet til Flatbrehytta som ligg ved Jostedalsbreen. Sjå utover heile Sognefjorden! Fantastisk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ja! Det vil eg.
SvarSlett