![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgSp1SNNOcXs7pRm1dLQC6W3nAM4g5QUHn1S-2z0_FziGWDO8XMEASXBYP0i76CQR1Av7gA991YB5PUbEcbQaPnwstrQ2tXz4upry2t-uPKxZQygouFIF5x8S-IAeGhFGbgZ70eIStX0EEX/s200/Flatbrehytta.jpg)
På reiser, i møte med folk og på stader som tek pusten frå meg, kjem ofte dei store tankane fram. Kloke ord, flotte framstillingar og gode historiar får større plass. Kort sagt - det som gir inspirasjon. Sidan mange ofte spør meg om tips til reisemål, var det like greit å samle tipsa mine her. Enjoy ;-)
tirsdag 10. januar 2012
Når eg lengtar heim til fjord og fjell
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgSp1SNNOcXs7pRm1dLQC6W3nAM4g5QUHn1S-2z0_FziGWDO8XMEASXBYP0i76CQR1Av7gA991YB5PUbEcbQaPnwstrQ2tXz4upry2t-uPKxZQygouFIF5x8S-IAeGhFGbgZ70eIStX0EEX/s200/Flatbrehytta.jpg)
Det lille rosa hotellet i Antibes
"La petite reserve" ligg midt på stranda i Antibes. Skulle eg ha eigd og drevet eit lite hotell, så kunne eg tenke meg dette. Det er ikkje hverken fancy, trendy, glamorøst eller perfekt. Men det har det aller viktigaste - nemleg sjarm! Det oppdaga også Evert Taube i si tid. Han budde her då han skreiv nokre av sangane sine. Katarina og eg hadde gleda av å bu her sammen med Svanaug, Arne og Aron påsken 2011. Nydelig terrasse, reint, ryddig og lite. Vi følte nesten at vi budde i vårt eige hus :-). www.petitereserve.com/
"Go with the flow" på Gran Canaria
Litt skeptiske var vi før vi dro av gårde. Men skepsisen forsvant då vi kom ut av fluet til 25 grader, strålande sol og blide folk (sjølvom mange av dei var nordmenn). I taxien på veg til Puerto Rico blei heile familien gladare og gladare etterkvart som vi nærma oss hotellet. Og vi blei ikkje skuffa! Hotellet Marina Suites var nydelig. Store leiligheter, flott terrasse med utsikt over sjøen og solnedgangen, eit oppvarma basseng og delikate fellesområder. Og best av alt: her låg det ikkje skrikande "Bamse-ungar" rundt poolen med plastikkleiker i hendene. Ahhh... Med yngstemann på 14 år, er alle i vår familie glade for å sleppe unna ungane. Slik er det blitt. Oppsummert: kan anbefala på det sterkaste å feire jula på Gran Canaria. Bruk oppholdet til å ein studie i sosialantropologi. Gå lange turar i fjellet. Ta deg ein fin joggetur langs stranda ut til Amadore. Og ikkje minst: drikk god vin på terrassen og nyt utsikten. PS. Langs havna finn du også ein nydelig indisk restaurant... www.marinasuitesgrancanaria.com/en/home
Abonner på:
Innlegg (Atom)