Himmel og hav og herregud - me skal til Antibes igjen. Eg er overlykkelig. Det var ikkje for tidlig! Etter 5 års venting på grunn av Corona og greier og greier, er vi endelig klare igjen. Og som vanlig har me ein Plan A. Her kjem den:

Søndag 17.09: Blir det litt bobler på flyplassen? Mulig det. La oss møtes på Havsalt (eller bakeriet rett overfor). Sov på flyet hvis du klarer, He he ... Me landar i Nice ca kl 11.00. Der møter me Beathe som sikkert har kosa seg på flyplassen. Me tek ein Uber til Antibes (raskt og billig). Jorunn, Anette og Turid lastar ned appen i forkant og tek med seg kvar si gruppe. Siden vi nok ikkje får huset straks, så ventar vi på markedet (Marche Provencal). Jorunn, May Britt og Beathe drar av gårde og handlar på butikken. Så blir det romfordeling og utpakking. Deretter ruslar vi bort til stranda Salis med badetøy og drikke med oss. I kveld blir det tapas-aktig på terrassen i huset. Ansvar: Jorunn og May Britt
Mandag 18.09: Rise and shine damer :-). For de ivrigaste blir det morgenbad og yoga på stranda. Klarer vi det vi gjorde sist? Kanskje med hjelp av Lingens støtte og veiledning. Kjapp tørk og opp på terrassen til laaaaang frokost.
Så er det på med shorts, t-skjorte og caps. For nå ruslar vi opp til tårnet for å nyte utsikten. Vi går ned igjen via Cap d`Antibes og inn igjen til huset. Så ruslar vi litt rundt i gamlebyen og blir kjent igjen (lenge siden veit du...). Kor blir det middag? Det bestemmer ansvarlige. Ansvar for frokost og middag: Lingen og Svanaug
Dei som vil kikke rundt i denne nydelige vetle byen gjer det. Dei som vil blir med meg på ein ein god tur rundt heile Cap Ferrat. Turen er litt lang, så her må du ha gode joggesko og raskt tempo folkens. Ta med badetøy og håndkle. Etter turen møtes me alle på "Villa Ephrussi de Rotschild" med fantastiske hager og nydelige omgivelsar. Mat? Ja da... Foreslår at me et sein lunch på La Mere Germaine (May Britt: du har vore der før). Eller vi tek ein matbit ein anna plass på kaien før toget tilbake til Antibes. Ansvar for frokost og middag: Lykke og Anette
Onsdag 20.09: Morgenbad og yoga igjen. Og i dag blir me i Antibes. Her er det mange fine butikkar og kafear å velge mellom. Blir det shopping Turid? Eller kanskje ein ny okse Anne-Britt? For dei som er litt vel rastlause, kan ein tur til Juan Le Pins være ein ide også. Eller "Sjangle-Per", som Svanaug pleier å kalla byen. Vi kan gå eller ta det vetle toget dit. Kan anbefala toget faktisk. Når du er lei shoppingen, så er stranda Plage de la Salis fristande. Der kan me velga mellom sand eller stein. Og kanskje tek nokon ein Aperol på Royal Beach på veg heim? Fritt fram. Ansvar i dag: Kari-Anne og Elin
Torsdag 21.09: Laaaang frokost før me tek fatt på runden frå huset og rundt Cap d`Antibes. Heilt frivillig å gå så langt - ca 1 mil totalt i 3 timer-isj. Vil du bli med eit stykke, så bli med til Plage de la Garoupe på vegen ut. Stranda har gjennomsiktig vatn og er aldeles nydelig - iallefall når eg var der i sommar. Ta med badetøy og ein strandkjole. For her blir det lunch på Le Rocher - ein liten strandrestaurant. Les i boka di, bad, nyt livet og slapp av. Er du av den rastlause typen slik som eg er, så går du rundt Cap d`Antibes sammen med meg og tilbake til Le Rocher. Er du nysgjerrige på kva kvelden bringer? Ansvar: Turid og Anne BrittEg satsar på at værgudane er med oss. Men er dei ikkje det, så har eg selvfølgelig ein Plan B. Den kan medføre ein utflukt til.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar